Fint ver og godt sal

Kalksalget 2012 vart gjennomført i strålande sol laurdag. A-laget var som vanleg godt representerte, men og medlemmar frå B- og C-lag deltok på den tradisjonsrike dugnaden.

Tradisjonen tru opna dagen med frukost på brakka. Formann Edland og Siri Prestegård diska opp.

Klokka 10.00 køyrde dei fyrste bilane ut med kalkprodukt og gjødsel, og salet var godt i det fine veret.

13.00 var kalkkarane tilbake på brakka for lunsj, før den siste økta med kalksalg tok til.

20120324-221601.jpg

20120324-221638.jpg

20120324-221702.jpg

20120324-221716.jpg

20120324-221731.jpg

1 thought on “Fint ver og godt sal

Legg att eit svar til Joey Mageland Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.