Minst fire mål betre enn Varhaug


Rosseland var klart best og mykje meir effektive enn Varhaug i lokalderbyet på Rosselandsbanen fredag.

Heimelaget slo an tonen direkte og Kenneth Grøtteland var svært nære å setje inn 1-0 allereie to minutt ut i kampen. Fem minutter seinare vart det tellande resultat då Sindre Meling avslutta Eivind Karlsbakks innlegg på bakre stolpe.

Karlsbakk dobla sjølv leiinga etter eit kvarter, då han på halv volley sette ballen i mål frå 17 meter via eit Varhaug-bein.

Marius Bøe ordna ny scoring etter ein corner, og laga gjekk og til pause på 3-0.

Etter kvilen yppa Varhaug seg eit par gonger før innbyttar Kristian H. Magnusson punkterte kampen med 4-0. Åleine med keeper Dvergsdal gjorde HM ingen feil.

Kampfakta

Rosseland var nærare 5-0 enn Varhaug var redusering, men den siste halve timen var mykje av lufta ute av kampen.

Rosseland vann 4-0 og heldt nullen for andre gong denne sesongen. Varhaug sin einaste store sjanse kom etter 12 minutt. Utanom dette forsøket var det kun skot og headingar over og utanfor målet til Tom Eirik Fredriksen.

Se bilder fra kampen her

På den negative sida vart Stian Bore strekkskada rett etter pause og blir truleg ute dei neste kampane for Rosseland.

20120518-205556.jpg

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *