Ny siger i 4-5-1

20120913-214615.jpgRosseland nytta same sigersresept som mot EIK då SIF kom på besøk onsdag. Laget forsvarte seg på beste måte og heldt nullen for andre kamp på rad med trenar Stian Bore i mål.

Framover gjekk det tidvis fort og tidvis med stil. 1-0 kom på dødball då Eirik Serigstad forlenga Per Haugland sitt frispark i mål før pause. 2-0 var eit sjølvmål, 3-0 kom på straffespark ved Svein Arne Monsen, medan innbytter Kristian Magnusson sette 4-0 på overtid.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.