Månedens spelar i ny rolle

hmKristian Heimdal Magnusson er månadens spelar i juni!

Etter å ha kome tilbake frå skade fekk den offensive midtbanespelaren prøva seg som back. Den oppgåva har Kristian løyst på flott vis, og har vore blant Rosselands beste i dei fire kampane i juni.
Magnusson er blant dei med best treningsoppmøte i juni og  toppa storspelet med viktig matchvinnande scoring mot Moi i nest siste seriekamp. Han har fått vist at han er eit godt alternativ både på venstre- og høgrebacken.

Me gratulerer Kristian og håpar på fleire gode kamper i den oransje trøya – både som back og i meir offensive posisjonar.

(Rosseland hadde ferie i juli og det vert difor ikkje kåra månadens spelar for denne månaden.)

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.