Hoff best i august

130Jan Rune Hoff er kåra til månadens spelar for august.

Trenarane grunngjer utmerkinga slik: «Jan Rune har vore stabil og trygg i kampane, han har vore i god fysisk form og ikkje sluppe seg ned i fotballferien. I tillegg til at han deltek på alle treningar er han alltid i godt humør».

Hoff vart også kåra til månadens spelar i mars og er så langt den einaste med to «pinnar». Høgrebacken er inne i sin sjette sesong som Rosseland-spelar og er ein av veteranane med nærare 140 kamper for dei oransje.

I 2009 vart Jan Rune årets spelar, kanskje blir det nytt napp i vandretrofeet Crown Bar Cup i år?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.