Sel best i oktober

even_taxiEven Sel er kåra til månadens spelar for oktober.

Årets spelar frå 2010 var blant dei beste i oktoberkampane mot Hinna og Austrått.
– Even var ein viktig spelar for oss i haustkampane. Han er god på både offensive og defensive dødballar og er i særklasse når det gjeld å lesa spelet, seier Alf Georg Tjåland om årets siste kåring.

Sel er i år den åttande spelaren som kan smykka seg med tittelen månadens spelar. Tidlegare har desse blitt kåra:
Januar – Marius Bøe
Februar – Ørjan Grødem
Mars – Jan Rune Hoff
April – Kenneth Grøtteland
Mai – Svein Arne Monsen
Juni – Kristian H. Magnusson
August – Jan Rune Hoff
September – Runar Haugland

Kven som er kåra til årets spelar og heidra med pokal for innsatsen i årets sesong er og klart, men navna på desse spelarane vert halde hemmeleg til prisane vert delte ut på årsfesten.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.