Herleg heimesiger!

Rosseland fortsette det gode spelet frå andreomgangen mot Vigrestad, og tok ein sterk og fortent heimesiger mot puljefavoritt Eiger.

Eiger opna best og hadde to gode sjansar i starten, men Rosseland og Ola Selliken spelte seg og til gode sjansar. I det 23. minuttet var Selliken på rett stad då Eiger ikkje fekk klarert etter eit godt RBK-angrep, og scora sikkert frå 10-12 meter.

Rosseland var klart best fram mot pause, men rett før sidebyttet utnytta Eiger ei dårleg klarering. Asbjørn L. Larshus styrde inn 1-1 frå 20 meter og laga var like langt då dei gjekk i garderoben.

Etter kvilen styrde Eiger periodevis kampen, men ein god Kristian Monsen i RBK-målet stoppa forsøka frå Eiger-spissane. Etter 55 minutt måtte Monsen kapitulera då Hans Marius Slettebøe fekk draumetreff frå nærare 30 meter.

Leiinga til eigersundslaget heldt berre seks minutt. Eirik Serigstad lada kanonen frå 25 meter og skaut i mål via ein Eiger-spelar.
Kampen stod og vippa, Eiger hadde ballen mest, men sleit med å skapa store sjansar på eit godt RBK-forsvar.

Rosseland var farlege på kontringar og minuttet før full tid tok dei vare på sjansen. Runar Haugland fann Ola Selliken i returrommet og på heil volley klemde nykomaren inn 3-2 til stor jubel frå dei nærare 100 frammøte på Rosselandsbanen.
Ei flott scoring som krona ein flott kamp med populær heimesiger. Det var god stemning i Rosselandsgarderoben etter seks poeng på dei to fyrste seriekampane.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.