Rosseland tok ein ny flott siger i årets tredje seriekamp. Oransjetrøyene var best i alt på Tjelta og slo Havdur fortent 5-1, etter 3-0-leiing til pause.
Rosseland tok leiinga ved Runar Haugland tidleg i kampen, Even Sel dobla etter ein corner, medan Svein Arne Monsen heada inn 3-0 rett før pause.
I andre omgang punkterte Marius Bøe kampen på ein retur etter berre to minutt. Havdur fekk sitt trøystemål før Ola Seilliken fastsette sluttresultatet til 1-5.
Dei oransje spelte sin fyrste graskamp for året og fekk til overaskande mykje fint spel på den flotte banen. Svein Arne Monsen, Sindre Meling og Ola Selliken eigde midtbane, Marius Bøe gjorde manns jobb på topp. Forsvaret hadde stort sett god kontroll, men kampen kunne vore annleis om Havdur hadde fått ballen i mål på sin omgangens fyrste store sjanse.
Rosseland hadde med ein stor tropp til Tjelta og nytta i alt 15 spelarar. Neste kamp er alt om fire dagar, då kjem serieleiar EIK II på besøk til Rosseland. Kan Rosseland vinna fire på rad?
GRATTULERER.
spæle du ennå ?