Austrått var motstander då Rosseland spelte årets tredje treningskamp torsdag.
Heimelaget Rosseland var det dominerande laget i store delar av kampen, men sleit med å spela seg til store sjansar. Kampen opna seg meir etter ein mållaus 1. omgang, det kom to scoringar etter pause.
Midtvegs i andre omgang utnytta Emil og Ola Selliken ei dårleg klarering. Veslebror Emil spelte storebror Ola fri, sistnevnde sette inn fortent leiing.
Austrått svara fem minutt seinare, då Stian Rødal fekk god tid på ein retur etter eit Jørn Hagen-frispark.
Rosseland hadde store sjansar til å sikra sigeren på slutten, men kampen enda 1-1. Dei oransje står med ein siger, eit tap og ein uavgjort på sine tre treningskampar så langt. I mars møter Rosseland Bryne jr., Riska og Eiger.