Alle innlegg av Ørjan Zazzera Johansen

Kvil i fred, rosselandsgut

Sverre-Aune
Sverre Aune 2.7.1975 – 4.6.2015

Sverre Aune 2.7.1975-4.6.2015
178 kampar og 39 mål for Rosseland Ballklubb

Mange nåverande og tidlegare medlemmar, spelarar og foreldre, la store ressursar ned i arbeidet med å finna Sverre Aune etter tragedien i Tengselva 4. juni. Det var til stor letnad for alle då han ti dagar seinare vart funnen av ein tidlegare lagkamerat.

Sverre var ein talentfull fotballspelar som allereie tidleg gjorde seg bemerka i Bryne si ungdomsavdeling. Han var mellom dei fremste i ein god generasjon, fekk med seg kretsmeisterskap og semifinale i junior-NM, og vart før sesongen 1995 tatt opp i Bryne sin A-stall. Der kom motgangen fort, han brakk beinet to gonger på ein sesong og Bryne valde å satsa på andre. Etter dette var Sverre si seriøse satsing på fotballen over, og det hende han uttrykte mismot over måten det skjedde på.

For Rosseland Ballklubb var det eit lukketreff. Frå og med 1996 var han å finna i A-laget, mellom sine beste kameratar og fleire andre han hadde spelt aldersbestemt fotball med på Bryne, og han viste seg fort som ein eminent fotballspelar og ein garderobekulturens meister.

Sverre Aune høyrde til klubbens ryggmarg, han var med på å utvikla Rosseland-sjela. Sverre var eit viktig medlem av det laget som på slutten av nittitalet spelte blue hawaii-fotball på ein måte som nesten førte til andredivisjon.

Sverre viste at ein kan spela godt utan noko særleg til oppladning, han kom gjerne rett frå elva og lærte mange av sine lagkameratar kor godt det er med ei farse like før kamp. Han hadde fotballens lengste tær, noko han med stor suksess nytta til å snappa ballen frå motspelarar, men han kunne også veifta med dei i garderoben for å få lagkameratane til å le.

Han var ein svært god pasningsspelar, ein som slo kompispasningar – slike som er lette å ta imot og bruka til noko nyttig. Han hadde godt overblikk, fann lagkameratar i gode posisjonar og var ofte involvert i skåringar.

Sverre hadde eit lett gjenkjenneleg løpesett, lange steg med lange bein på lange føter – noko som kompenserte for litt langsam takt. Sverre trekte seg ikkje i duellane, men det hendte at dommaren trekte kortet. Etterpå var ingen så audmjuk som han, sjølvkritisk og sjølvironisk. Han rista gjerne på hovudet av seg sjølv, og kunne foreslå å gje plassen på laget til andre, om han meinte dei fortente det.

Men først og fremst var Sverre viktig for miljøet. Han slo kompispasningar utanfor banen òg, var inkluderande og livfull, morsom og sprø; men han kunne også ha brodd. Sverre sa kva han meinte og sto for det – anten det var til lagkameratar, trenarar eller sine beste vennar.

Han behandla alle likt og vart difor respektert av alle. Han såg dei som trong å bli sett, hjelpte dei som trong hjelp og han var effektiv motgift mot klikkar.

Etter kvart fekk Sverre tre flotte gutar med kona si, Camilla. Fotballspelarar er dei sjølvsagt alle, to i Bryne og éin i Rosseland; og som interessert og omsorgsfull far vart Sverre ein dyktig og populær trenar i begge klubbane.

Like god spelar som forbildet Lee Sharpe i Manchester United vart Sverre ikkje, men han hadde det like moro, han spelte med det same gliset og han vann mange vennar – noko som vart svært tydeleg gjennom innsatsen lokalsamfunnet la ned i søket etter tragedien.

Rosseland Ballklubb kondolerer til Camilla og barna Arian, Imre og Ville, foreldra Arna og Arnljot – alle som ofte har vore å sjå på Rosselandsbanen – og til familie og vennar elles.

Kvil i fred, rosselandsgut.

– Ørjan Zazzera Johansen