6-1-1

Seks sigrar, ein uavgjort og eit tap er status etter førsesong-kampane.

Åtte treningskampar er avvikla – no startar alvoret!Sjølv om prestasjonane har vore variable, må Rosseland kunne seie seg godt nøgde med resultata i oppkøyringa til årets sesong. RBK har kun tapt ein kamp (borte mot Vaulen) og har scora fire mål mot tredjedivisjonslaga Flekkefjord og Sola.

Her er ein oversikt over kampane så langt.

Rosseland har allereie nytta 24 spelarar i kamp, fire ulike keeperar har prøvd seg i mål. Det har blitt scora 21 mål så langt, Svein Arne Monsen står for fem av desse. Monsen har saman med broren Eirik, Stian Bore, Sindre Meling og Kristian Magnusson spelt alle dei åtte kampane så langt.

Andre påskedag startar alvoret med kvalifiseringskamp til NM mot Sola. Kampstart 13:30 på Rosselandsbanen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *