Dei fem neste dagane byr på to klassiske lokalderby for Rosseland BK. Fredag kjem Orre IL på vitjing, tysdag er det duka for eit sjeldant cupoppgjer mot storebror Bryne FK.
Kampene mot Orre har vore prestisjeoppgjer, ettersom laga ofte har spelt i same divisjon. Laga møttest sist gong for to sesongar sidan, då med noverenda RBK-trener Stig Rune Elvedahl, som hærførar. Rosseland vann heime, medan Elvedahl og Orre tok ein fortjent siger på Pollestad.
Statistikken syner at Rosseland har vunne 5 av dei 10 siste oppgjera sidan 2003. I tillegg til tapet i 2010, vann Podlest 3-0 i Rogalandscupen i 2006.
Me ser fram til eit fint lokalderby og vonar formen er der den skal vere føre cupkampen mot Bryne tysdag.
Kampstart 18:30, open kiosk! Alle er hjarteleg velkomne!
Hugs at du no kan du støtta Rosseland gjennom scoringsklubben. Tegn medlemskap her!