RBK II starta kampen bra dei to-tre første minutta. Deretter fekk Høle ta heilt over og score både éin og to gonger. Rosseland-spelarane vakna heldigvis før det var seint og utnytta den livsfarlege 2-0 leiinga.
Bortelaget ville mest i andre del av første omgang, og på oppturen reduserte Tore leiinga før Roy André utlikna få minutter etter. Dermed var laga like langt ved pause.
Fast bestemt på fortsatt godt spel i andre omgang, og trass i gode sjansar for leiing, heider og ære, kom det selvfølgeleg eitt mål til i mot. Roy André redda likevel RBK II frå tap og null poeng ved å utlikne for andre gong denne kvelden.
Kampen enda med tre mål til kvar av laga. Noko RBK II bør vere nøgd med, spesielt i lys av den dårlege starten. Samstundes er det mykje å rette på, og laget har såleis ein god del å gå på framover, sjølv om pila no tross alt peikar i riktig retning.