Med 15 mål på 20 kamper er Eirik Serigstad toppscorer for Rosseland i 2013. Svein Arne Monsen er den tredje mestscorande i klubben si historie.
Svein Arne Monsen har vore toppscorar dei fire siste sesongane, men måtte denne sesongen sjå seg slegen av Eirik Serigstad. Midtbanespelaren bøtta inn mål i vår, og scora hat trick mot Voll i den tredje siste kampen. Sjølv om han stod over årets to siste kamper, heldt 15 scoringar til tittelen «Årets toppscorar».
Svein Arne Monsen enda opp med 11 scoringar i 2013 og står med 111 fulltreffarar totalt. Det er tredje mest i RBK-historia, og det er berre 24 mål opp til Morten Sørensen på andreplass.
Mest effektiv i 2013 var Are Gabriel Høyland som scora 11 mål på 18 kampar (åtte frå start og ti som innbyttar). Høyland inntek adelskalenderen med 15 mål totalt på 24 kampar.
Høgrekant Runar Haugland har og scora mykje i år. Elleve scoringar har det blitt, og minst like mange målgivande. Haugland står med imponerande 20 scoringar på 56 Rosseland-kampar.