Starta hausten med siger

rbk_vigRosseland slo Vigrestad 3-2 i den fyrste kampen etter ein lang fotballpause.

Gjestene frå Hå leia 1-0 til pause, sjølv om Rosseland hadde klart flest sjansar i fyrste omgang.
Etter kvilen var Rosseland meir effektive. Svein Arne Monsen forlenga Marius Bøe sitt forarbeid til 1-1, medan Bøe sjølv sørga for 2-1. Minuttet seinare fekk Vigrestad utlikning i gåve av RBK-forsvaret, og kampen stod og vippa den siste halve timen.
Fem minutt før slutt vart Svein Arne Monsen tomålsscorar og matchvinnar med eit flott frispark frå 25 meter. Marius Bøe hadde sjansen til å verta både to og tremålsscorar, men missa åleine med keeper.
Likevel vart det siger, tre poeng og ein grei start for Rosseland, på ein dag der fleire spelarar mangla grunna skade og ferie.

Joel Bengo gjorde comeback i Rosseland-drakta og var ein av banens beste i sin fyrste kamp sidan romjulsturneringa. Francisco Horta kom inn til sin første kamp siden 2012.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *