Eit godt 2014

aarsmote2014 var «eit godt og positivt år» for Rosseland Ballklubb.  Årsmøtet var samla på Bryne Kro og Hotell tysdag og fekk høyre om eit klubbhus-prosjekt som snart er i mål og ein klubb med solid økonomi og overskudd i 2014.

Sportsleg sett var sesongen middels for A-laget, men med kraftig medlemsvekst og ei veldriven barneavdeling kan klubben sjå tilbake på eit fantastisk gildt år.

Med ny klubbsong, nytt klubbhus og eit nytt, utvida styre, tenkjer klubben framover og jobbar vidare med Trond Tveits forslag om å kunne tilby andre aktivitetar enn fotball for barn og vaksne i Rosseland-krinsen.

Avtroppande kasserar Sverre Bernt Lygren la fram eit rekneskap som syner eit resultat på nesten 160.000 kroner. Gry Gundersen overtek økonomistyringa i ein klubb med solid økonomi.

styret2
Avtroppande kasserer Sverre Bernt Lygren fekk blomar for innsatsen på årsmøtet. Det gjorde og leiaren Torfinn Edland, som går inn i sitt tiande år som skipper på RBK-skuta.

Gundersen er ei av fire som vart velde inn i Rosseland-styret. Oddgeir Salte er nytt styremedlem, han erstatter Are Gabriel Høyland. Ørjan Johansen er ny nestleier, medan Lars Sølve Larsen kjem inn som markedsleiar.

styret1
Gry Gundersen, Ørjan Johansen og Lars Sølve Larsen er nye i RBK-styret

Torfinn Edland tok gjenval som leiar og styrer dermed RBK-skuta på tiande året!

Styret for 2015 ser sånn ut:
Torfinn Edland – leiar
Ørjan Johansen – nestleiar (ny)
Gry Gundersen – kasserer (ny)
Trine Tengesdal – leiar barneavdeling
Lars Sølve Larsen – markedsleiar (ny)
Janne Nese – styremedlem
Judith S. Håland – styremedlem
Oddgeir Salte – styremedlem (ny)

Valkomitè:
Sverre Bernt Lygren (leiar)
Heine Schea
Til disp.

Revisor:
Tor Alstadseter (ny)

 Årsmelding og rekneskap vert publisert seinare

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *