To kunstmål, tre poeng

lagÅrets siste bortekamp vart ein tøff batalje for eit Rosseland-lag som måtte klare seg utan  alle målscorarane og målmannen frå festkampen mot Voll.
Med Are Gabriel Høyland, Eirik Serigstad, Kenneth Grøtteland og keeperane opptekne andre stader, fekk andre spelarar sjansen frå start mot Hinna. Trenar Bore tok plassen i målet, Marius Bøe starta på topp, medan Arne Ravndal Finnby tok Grøtteland sin plass på venstrekanten.
Sistnevnde slo an tonen med sin energiske stil direkte  og etter seks minutter avslutta Finnby eit kjempeangrep med å knalla inn 1-0 frå 6-7 meter.
Rosseland hadde ballen mykje og skapte mest i medvinden i fyrste omgang.
Hinna hadde  enkelte sjansar, og  fekk si redusering då ein dekka Stian Bore måtte sleppa inn det ikkje alt for harde forsøket til Kjetil Johannessen.

Etter pause var heimelaget kvikkast. Vinden tok seg opp og ein periode hadde Rosseland meir enn nok med å forsvara seg. Etter 71 minutt kom ein Hinna-spelar aleine med Stian Bore, men Rosseland-trenaren leverte matchvinnarredning og hindra fleire baklengs.

Så, etter 76. minutt, blei dei få frammøtte på Hinna-banen vitne til ei superscoring! Sindre Meling slo eit presis corner til Svein Arne Monsen på 17-18 meter. Toppscoraren dei siste åra låg sidelengs i lufta og styrde ballen i nota på heil volley/brasse. Kunst! 1-2!

Monsen, som spelte ein kjempekamp på midtbana, tråkla seg fri, slo to tunnellar, og avslutta på nytt like etter, men diverre for Rosseland gjekk det forsøket utanfor.

Innbyttar Paul Ove Laland fekk og ein stor sjanse då Lasse Johannesen spelte han fri på overtid, men Pauli sitt skot gjekk utanfor via stolpen.

innby

Finnby og Monsen sine praktmål vart Rosselands einaste og dei oransje  tok dermed ein sterk bortesiger mot eit ganske bra Hinna-lag.

Rosseland XI: Stian Bore, Jan Rune Hoff, Pierre Hatjoullis, Joel Bengo, Kristian H. Magnusson – Runar Haugland, Svein Arne Monsen, Sindre Meling, Even Sel, Arne Ravndal Finnby – Marius Bøe.
Innbyttarar: Leif Arne Hognestad (frå 46.), Paul Ove Laland (fra 55.), Lasse Johannesen frå 89.), Ørjan Grødem.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.